Takk for alle hyggelege kommentarar om Sylvi :)
Jakka har fungert bra i eit par dagar no, og den er varm nok for dagar som dette.
Eg har brukt garnet Topp t'tå frå Gjestal. Kunne sikkert ha brukt mange andre sortar med strikkefastheit 12 m = 10 cm.
Men sidan eg fekk Topp t'tå for 17 kr nøstet vart det valet mitt.
Eg har nemleg brukt 27 nøster!! Godt eg tok godt i (trudde eg) og bestilte 30 nøster...
Eg har då strikka jakka i str L, og ho veg ca 1350 gram. Litt tung altså, men det merkar eg ikkje så mykje til når ho er på.
Og mønsteret kan kjøpast her, hos Twist Collective
Det er på engelsk, men det er godt forklart.
Du verden Solveig, for ei flott jakke. Jammen er du en racer til å strikke når du setter i gang. Sikekrt mange som snudde seg i smug og kikka på deg da du var i Oslo.
SvarSlettklem Aashild
Tusen takk for opplysningane - betre å seia det seint enn aldri... Det fristar å strikka ei Sylvi. Eg må berre seia noko anna med det same eg er her: bloggen din er heilt fantastisk og eg storkosar med å sitja og "bla" (det gjer eg nokså ofte) frå innlegg til innlegg og vidare til linkane - og vert altså så inspirert! Du er superkreativ og får så mykje frå henda at eg er imponert!!
SvarSlett