torsdag 9. april 2009

Fredag allereie?

Kvar har det blitt av feriedagane?...
Vi slappar av og er saman. Fullt hus og stor jubel. På det meste 14 store og 12 små. Og ikkje er veret så dårleg heller. Litt sol og litt regn har det vore nesten kvar dag.
Ei søster og mannen kunne ikkje kome heim i påska, men det ordnar vi greitt med litt webkamera og slikt. Her har minstenevø ein liten prat med tante i Oslo.
Eg slappar som vanleg best av med litt handarbeid. No er eg er endeleg ferdig med Topstykket mitt. Det endte med at eg laga det litt lenger enn oppskrifta. Så det blei meir tunikafasong.
På øya har sauane fått lam. Dei er som alltid like søte.
Niese H spurte så fint om tante kunne strikke ein kylling, så då bar det ut på handletur etter gult garn.
Og etter ei stund var kyllingen der. Fritt etter eige hovud, men med inspirasjon frå mange stader. Dagen etter kom det ein kylling til. No har største kylling reist sørover, men vi har fått selskap av ein lilla onkel (som sikkert let seg fotografere i morgon). Rykta vil ha det til at det muligens dukkar opp fleire fjørkre også. (Kanskje nokon med filmkarriere også.) Vi ventar i spenning... Som de ser har dei tatt godt for seg av påskegodtet...
Easter-holiday at my parents house. Most of my siblings and their families are here. At most we were 26 people in the house. A little less now, but still plenty of people, noise and fun. I'm doing some crocheting. My niece asked for a chicken... I've made three so far. And I've finished my top.

2 kommentarer:

  1. Så kjekt med familiepåske! Topstykket ditt ble veldig fin, for ikke å snakke om de herlige kyllingene!

    SvarSlett
  2. Så flott toppstykket ditt ble! Den sitter som et skudd på deg!
    Kyllingene ble også veldig søte da:)

    Fortsatt god påske1

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails