
Sidan eg synes det er heilt greitt, ja ganske kjekt eigentleg, å stryke bunadskjorte.
Det som er kjedeleg er vaskinga, sidan eg gjer det for hand. Skylle, skylle, skylle... (Kanskje eg skal bruke maskina neste gong.)
Men her heng i alle fall skjorta fin til tørk i sola.
Strykinga har eg gjort på samme måten i alle år, og det går i grunnen ganske kjapt.
Slik gjer eg det:
Først stryk eg mansjettane, kragen og skulderstykka.



Så tar eg armane; på kvar side frå sømmen og nesten opp til bretten (eg vil ikkje ha brettekant, så eg stryk ikkje bretten).
Så legg eg armane slik at "bretten" ligg i midten og så stryk eg den flat og fin. (Har akkurat plass til strykejernet midt på arma.)


Når armane er gjort stryk eg framstykke og rygg.

Ferdig!

Ser at det trengs litt reparasjon her og der på skjorta no.
Planen er at eg skal sy meg ny skjorte etterkvart. Denne er litt for liten.

Vet du hvor jeg kan finne oppskrift og materiale til brodering av bunadsskjorte fra Ørsta? Har arvet en bunad av bestemoren min, og vil gjerne brodere skjorta selv. :)
SvarSlettVi har ei broderiforretning her som selger tilfang til Ørstabunaden. "Signy Digernes" heiter butikken. Nettstad: orstabunaden.dirnes.net
SvarSlett