God 1. mai folkens. Utruleg at vi er så langt inne i 2010 allereie.
Her foregår det nesten ein brytekamp ute i dag.
April mot mai…
Kald vår mot varmare vår…
Sol og varme det eine augeblikket og regn og sludd det neste…
Så eg kosar meg inne med stoffstryking og ABBA på høgtalarane.
Dette er putetrekka eg fann på “brukten” ein dag. Dei kan bli eit fint lappeteppe ser det ut til.
Saman med litt fleire stoff kanskje. Så eg jaktar vidare etter gamle dyne- og putetrekk med fine fargar og mønster. Har du nokon du vil bli kvitt så berre gi beskjed :)
Det rosa og oransje i midten er favoritten, trur eg. Synd eg berre fann eit trekk med det mønsteret.
Attende til tilstanden ute litt. Vi har altså endå snø rundt huset her.
Vi kontrollmålte snøhaugen på nordsida no, og den måler 1,40 m.
Denne haugen skal få ligge i fred, og vi har ei gjettekonkurranse gående i familien om kva tid den er vekke. Held han til 17. mai eller? Vi får sjå…
---------------------
May 1st allready! The weather outside is relly confusing today… A wrestling match between April and May… rain and sleet one moment, and warm sun the next…
The spring has been cold this year, so we really hope May will bring warmer weather. As you can see we still have a bit of snow on the north side of the house. 1,40 meter high…
We’re not going to help it melt though, as we have a competition going in the family where we’re guessing the date it is gone.
The fabric above is some vintage pillowcases from the thrift shop. All washed and ironed now. They could be a nice quilt.
The pillowcases are small though so I will still be on the look out for more vintage fabrics :)
I am amazed everytime I see your snow pictures. I guess living in South-Eastern Spain makes me some kind of country bumpking when it comes to snow. ;-)
SvarSlettHei
SvarSlettSå koselig at du vil følge bloggenmin! Imponert over alt det fine du lager.
Klem Igi