Viser innlegg med etiketten Flickr. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Flickr. Vis alle innlegg

mandag 5. april 2010

Bench Monday

DSCF2733

Eg tok med lillebror på jakt etter ein benk i dag. Dvs han fekk lov til å prøvekjøre ei runde i bilen min. Vi fann ikkje så mange benkar, men eit autovern kunne også gjere nytte. Her er vi på gamle trakter, rett ved mormorhuset, der vi budde i “gamle dagar”. Flott utsikt.

Bench Monday er altså eit flickr prosjekt.

-----------

This weeks Bench Monday photo. This is the view of my town. Taken from what used to be my grandmothers house. We lived there – in the old days…

Bench Monday is a flickr group.

torsdag 25. februar 2010

Litt fargar...

... må til, no når det for det meste er kvitt utandørs...
Eg er framleis på vinterferie i sør. I dag har eg ein formiddag med kaffi og mac (lånt), så då kosar eg meg litt fargar frå Flickr. Dette er nokre av mine favorittar avdei andre sine bilder.

Crochet colours

Bruk linken til Flickr for å sjå linkar til bilda i full storleik og fotografane.
-------------------
I'm still travelling in winter Norway. Still white everywhere, so today I'll show you some of my colourful crochet favourites from other flickr members. Use the link to get to the original photos.

mandag 23. november 2009

Fargefavorittar

Eg har sete og nistirra på kvitt linstoff i kveld.

Telt trådar, tråkla, telt igjen og igjen, klipt litt og sydd litt. Augene går nesten i kryss til slutt.

Så då trengs det litt fargeterapi frå Flickr no :)

231109

Følg linken til bildet så finn du originalbilda og fotografane.

--------------

I’ve been to my embroidery class to night. Staring on my white linen fabric, counting threads, cutting, pulling out threads, counting again and again and sewing a little.

I need a little colour therapy now.

Follow the link to the photo for the originals and the photographers.

søndag 14. desember 2008

14. - og tredje søndag


Wreaths
Originally uploaded by solgrim

Håpar de har hatt ei fin helg.
Eg begynnar etterkvart å skjønne at eg ikkje rekk å lage stort meir før jul.

Komande veke blir altfor travel med klassa si juleavslutning og to kveldar med julekonsertar. Og så bør eg vel bruke litt tid på å pakke kofferten før eg reiser.

Så då blir i morgon siste ordne-pakkar-og-pakke-inn-kveld.
Det skal nok gå.

Bilda av kransane har eg funne på Flickr. Klikk på bildet så får de vite meir.

tirsdag 2. desember 2008

2.

Berre sett deg ned...

Ein gong skal eg ha meg ein stilig raud stol. Inntil vidare for eg nøye meg med å sjå på bilder av andre sine stolar. (Desse er bilde frå flickr). Alle her er kanskje ikkje noko a ta inn i stova, men...

I dag var det vaksinering for klassa mi, og det var ikkje lett å konsentrere seg om andre ting (som lesing og skriving). Men det gjekk bra og alle var samde om at det ikkje var farleg å ta sprøyte - det var berre litt vondt. Nokre konstaterte etterpå at dei hadde gløymt å seie "au".

No må eg sjå om eg kan få starta på nokre julegåver. Ha ein fin tysdagskveld.

mandag 1. desember 2008

1.

Desember starta med litt snø her på sørlandet. Trur ikkje det har skifta til regn enno, så då har vi kanskje snø i morgon også. Borna på skulen var klare med akebrett med ein gong, men det blei ikkje noko særleg liv i akebakkane med dei 4 mm snø som kom i dag...

Dette er dei siste favorittane frå flickr. Utruleg mange fine bilete, og mykje fin inspirasjon. Følg linken til flickr for å finne ut kven som står bak bileta.

We had snow today, not much though. Maybe we'll still have it here tomorrow. These are the latest favourites from flickr. Follow the link to flickr to see more about the photos.

søndag 26. oktober 2008

Ut på tur

Eg har vore på tur i helga, difor kjem dei siste fotbilda litt seint. Turen gjekk til Ås, og eg fekk også litt tid i Oslo i dag.

2008_10260003

Her er vente-på-toget-føttene. Det blei litt snikfotografering, følte meg plutseleg litt rar der eg stod og fotograferte mine eigne bein midt mellom alle folka...

waiting for the train-feet

2008_10260006

Tante-Solveig-og Oda-føter på kjøpesenteret laurdag.

aunt solveig and oda shopping-feet

2008_10260007

Tenk å kunne kle seg slik når ein vil.... Tenker eg hadde blitt godt motteken dersom eg dukka opp i eit slikt antrekk på skulen.

2008_10260016

Venta litt på å bli henta på oslo s. Så då fann eg fram hua eg strikkar på. Har strikka mykje på bussen tilbake til Sørlandet i kveld, så no er eg nesten ferdig.

Då er ei ekstra lang (+ ein time veit de) helg ferdig. Ha ei fin veke alle saman.

I've visited family this weekend. 

torsdag 23. oktober 2008

torsdag

2008_10230006

Vente på bussen-føter.

Eg kom meg heim før vinden og dei store nedbørsmengdene sette i gang, heldigvis. Sidan eg prøvde meg utan støvlar i dag.

Ikkje særleg lekkert med dei sneipane som ligg slengt rundt omkring.

Waiting for the bus. I got home before the rain and wind really started.

onsdag 22. oktober 2008

Onsdagsføter

Onsdag er speidarkvelden min. Eigentleg er det litt travelt sidan det også er den lengste dagen på jobb, men berre eg først har kome meg ut så er det greit. I dag stod primitiv mat på programmet.

Vi fekk faktisk fint ver den tida vi var ute. Ellers har dagen vore full av regnbyger både før og etter - så det var vått der ute. Og kaldt etterkvart. Så det vart nok eit støvlebilde i dag.2008_10220005

Her er også nokre andre turføtter. Vi laga appelsinmuffins (bålkaker) igjen. Syns framleis det er ein genial måte for å lage kaker på bål. I dag hadde vi sjokolademuffins og det var godt. 2008_10220003

I spent a couple of hours outside today, after work. It was wet, but luckily the rain stayed away while we were making our food on the fire. We made the campfire cakes again. It's still a brilliant idea.

Og så over til litt strikke/heklenytt. Eg har starta på opptil fleire julegåver - sjølvsagt alle på ein gong...

And some knitting/crochet news. I've started a few Christmas presents. all at the same time of course...

2008_10220007

... ein lilla february lady sweater...

2008_10220006

... mini cobblestone...

2008_10220008

... vel dette er ikkje ei julegåve... berre litt fargeterapi for meg innimellom andre meir einsfarga prosjekt. (Og eit forsøk på å bruke opp bomullsgarn eg har igjen.) Ser for meg at dette blir ei stoor veske til å legge alle pågåande prosjekt i.

...well this is not for christmas, just some colours for myself. I'm thinking a big, big bag for all my WIPs.

2008_10220009

... mmm, fargar....

Og så må eg reklamere for lillesystra mi som endeleg er i gong med bloggen sin. Og som eg klarte å smitte med sekskantviruset i sommar...

My sister has started her blog. Look at the nice blanket she's made. I infected her with the "hexagon-virus" this summer :)

kteppe

tirsdag 21. oktober 2008

Jobb?

2008_10210002

Nei, eg sit ikkje med beina på bordet så ofte på jobb. Oops, eg tok visst ikkje av meg skoa ein gong... Men dette var i ettermiddag etter dagens foreldre/elev samtaler. Eg fekk gjort noko laminering og klipping av tallinjer til elevane før eg starta på heimvegen.

Eg var ganske aleine på kopirommet, så det...

(Eg likar artige strømper som de ser. No i den kalde tida av året likar eg best knestrømper. Så veit de det - i tilfelle nokon lurte...)

mandag 20. oktober 2008

Mandagsføter

Mykje vind idag. Og regn. Så no forsvinn vel det meste av dei fine haustfargane ned frå trea.

Men dei siste blåklokkene klamrar seg fast i grøftekanten.  Eg heiar på dei.

2008_10200006

It's getting colder, but some flowers hang on. I passed these on my way home from work. Hope they stay a little longer.

fredag 8. februar 2008

Handarbeid kvar dag

Eg er med i ei gruppe på Flickr som heiter Crafting 365. Målet der er å gjere litt handarbeid kvar dag og legge bilder av det inn på gruppesidene.

Dersom eg er heime, så gjer eg som regel eit eller anna, så det er ikkje vanskeleg. Det er verre å få tatt bilete av det ein gjer. Heldigvis så kan eitt bilde rekke over fleire dagar - dersom det er samme arbeidet. Eg har brukt den regelen ein del - og har hatt nokre slappe dagar. Siste bilde eg la inn var nr 54 (men dag 61). Meir enn 300 dagar igjen...

(Ser ein del som er med i 365 dagar med sjølvportrett-grupper. Det trur eg eg skal vente ei stund med.)

Men i handarbeidsgruppa er det mykje spennande å sjå på av det andre folk finn på. Inspirasjon både her og der. Trykk på linken og ta ein kikk sjølv :)

Her mine 36 første:
I'm in a group on Flickr called "Crafting 365". The goal is to do some crafting everyday and post pictures of what you do. The crafting part is easy - when I'm at home I craft. But it's more difficult to remember to take photos and posting them. I've also skipped a few days when I've been doing the same project (and have been away). But I try my best. This is my 36 first photos.

søndag 9. september 2007

Moo


Tenk å få bilda sine på små søte kort...Det har eg fått :) Kjøpte eit års abbonement på Flickr, og fekk ti moo-kort (det er det dei heiter) på kjøpet.
Ute i Flickr-verda er det mykje bytting av slike kort, men eg vil ha mine sjølv... I alle fall desse ti. Ser ikkje bort i frå at eg må ha fleire. Når eg har litt fleire bilder å velge mellom.
I got my first moo cards this week. So fun! I think i'll need more of these...

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails