Eg har framleis mykje som skal gjerast i huset mitt, men det er ting som eg kan pusle med framover. Mellom anna så skal soveromma også få ei ansiktsløftning etterkvart. Soverommet mitt skal få panelplater på tre av veggane (samme som på stova - har mange panelplater igjen…). Den siste veggen skal få ny tapet.
Eg har bladd i nokre tapetbøker innimellom, og det finst berre altfor mange å velge mellom… Men så fann eg ein eg likte på ein nett-tapetbutikk i England. Og den tapeten hadde dei ikkje på butikken her i bygda. Men å bestille tapet i utlandet virka litt skummelt (sjølv om eg er ganske dreven på netthandel), så det blei ikkje gjort noko meir med det.
Men her i juni oppdaga eg at tapeten var på salg! Så då vart det tapetkjøp likevel. Og tapeten kom trygt fram, sjølv om eg presterte å taste inn feil postnummer! Gamle-postnummeret mitt i Kr.sand sit visst endå i fingrane… Heldigvis ringte dei frå postkontoret i Vågsbygd og lurte på kvar eg eigentleg budde…
Det vert nok ikkje tapetsering på ei stund enno, men no har eg i alle fall tapeten klar.
When I get time I will redecorate my bedroom. One wall will get this wallpaper.
Kanonfin tapet. Det ska bli spännande att se resultatet.
SvarSlettSarah
Nydelig tapet - det blir nok en flott vegg :)
SvarSlettWow, that wallpaper looks Amazing! Really, that is going to be one pretty wall, can you wait to put it up?!
SvarSlettAnd yes, I am also in shock about what happened in Oslo yesterday... my thoughts are with the ones who lost loved ones yesterday...
Have a wonderful weekend,
love Maaike