søndag 10. juli 2011

Vanilje

Eg bakar ein del oppskrifter frå utlandet. Og der er vaniljeekstrakt tingen. Ikkje veit eg om smaken blir veldig forskjellig frå å bruke vaniljesukkeret vi har her i landet, men det kunne vere artig å prøve…

026

Så no har eg handla vaniljestenger frå USA. (Etter å ha slått fast at 20 kr pr stang i butikkane her kom til å gjere ekstrakten rimeleg dyr…)

029

Det finst mange oppskrifter på nettet, ingrediensane er alkohol + vaniljestenger. Men oppskriftene varierer veldig når det gjeld mengde av kvar ingrediens. Men i følge denne sida skal det etter lova vere 6 vaniljestenger pr 2,5 dl (i dei ekstraktar som er for sal). Altså mykje meir enn dei fleste oppskriftene seier.

031

Og sidan eg no har nok av vamilje, stappa eg mange stenger ned i flaska med vodka, vil ha skikkeleg vaniljeekstrakt – ikkje vodka med vaniljesmak.

No står flaska i skapet og inhaldet vert mørkare og mørkare. Ein gong om dagen skal flaska ristas. Og om ein månad kan eg teste ut ekstrakten min.

PS: Kjøpte vaniljestengene frå denne butikken på ebay.

----------------------

I’m making vanilla extract for the first time. We don’t have this in Norway (only vanilla sugar) and I have wanted to try this for a time. Vanilla beans are quite expensive here so I ended up buying some on ebay.

In a month or so it will be ready.

Here is a recipe. And I got my vanilla here.

3 kommentarer:

  1. Dette så interessant ut! Splittar du stanga før du legg den i vodka, eller puttar du den i heil?

    SvarSlett
  2. Eg delte dei i to pg splitta dei. I nokre oppskrifter står det at ein skal skrape ut frøa også (og ha også dei oppi flaska). Men eg gløymte det.

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails