fredag 16. mai 2008

Stryke bunadskjorte - Hipp Hurra!

Er det noko rart med meg, eller?
Sidan eg synes det er heilt greitt, ja ganske kjekt eigentleg, å stryke bunadskjorte.
Det som er kjedeleg er vaskinga, sidan eg gjer det for hand. Skylle, skylle, skylle... (Kanskje eg skal bruke maskina neste gong.)
Men her heng i alle fall skjorta fin til tørk i sola.
Strykinga har eg gjort på samme måten i alle år, og det går i grunnen ganske kjapt.
Slik gjer eg det:
Først stryk eg mansjettane, kragen og skulderstykka.
Så tar eg armane; på kvar side frå sømmen og nesten opp til bretten (eg vil ikkje ha brettekant, så eg stryk ikkje bretten). Så legg eg armane slik at "bretten" ligg i midten og så stryk eg den flat og fin. (Har akkurat plass til strykejernet midt på arma.)
Når armane er gjort stryk eg framstykke og rygg.
Ferdig!
Ser at det trengs litt reparasjon her og der på skjorta no. Planen er at eg skal sy meg ny skjorte etterkvart. Denne er litt for liten.

torsdag 15. mai 2008

Dagen før dagen før dagen

"Kor mange dagar er det til 17. mai no?" spør elevane mine kvar morgon. -Og så kjem det ein liten diskusjon om dei ulike forslaga; 3 -4 (nei det var det i går)-2-3-2... og så må vi telle på kalendaren.

Vi på teamkontoret sjekkar yr.no og andre verstader kvar gong vi er innom kontordøra; og sjekkar utviklinga på verfronten. Ser det ut til at regnet held seg vekke fram til søndag???

Vi har øvd på å bere fana og i morgon er det endå meir øving. Då trur eg vi er klare for dagen.

Her heime har eg så smått sjekka at antrekket er i orden. Vi startar nederst. Skoa er fine (og komfortable faktisk). Fekk ny såle på hælane for eit par år sidan. Skulle berre mangle etter 25 år i bruk.

Bunaden skal på, håpar den ikkje har krympa noko meir sidan sist september... Farmor broderte bunaden min. Rundt skjørtekanten nede er det 8 av dette motivet. Det er også broderi på liv og lomme. (Skal vise resten seinare).

12 år seinare broderte eg skjørtet på bunaden til systra mi. Farmor måtte hjelpe til med livet og lomma, eg rakk ikkje meir... I morgon er det skjortevask og sjekk av sølje og knappar.

May 17 is Norways Constitution Day - our National Day. We celebrate the day with childrens parades - all schools participate. My students are counting the days left. We are practising our songs and how to walk nicely in line - not so easy when your 6... May 17 is the day when you can eat as many ice creams as you want.

We also dress up - and for many Norwegians that means wearing our "bunad". Bunad is a traditional Norwegian costume (accepted as proper gala attire). Not exactly high fashion, but it's very practical. I don't have to worry about what to wear. So now i'm checking if everything is in place.

The shoes are ok. Still comfortable after 25 years (they need to be comfortable-there's a lot of walking that day).

My grandmother did the embroidery on my bunad. This motif is around the bottom edge of the skirt (8 times).

Tomorrow I'm handwashing and ironing my linen shirt.

mandag 12. mai 2008

Finaste gata i byen

I mai er denne gata finast i byen.
In May this is the prettiest street in town

Her har det visst skjedd ein feil under podinga...

Someone has made a mistake with this tree...

Kunstløype

I dag har eg gått ein tur i ei kunstløype her i byen. Der kunne vi stikke innom forskjellige kunstnerar og sjå kvar dei jobbar. Også var det fleire installasjonar å kike på ute i naturen.
Her var det mange tips for oss med litt for store lager av stoff og garn.
I've been on a Art Walk to day. Visiting art studios and looking at installations outside. The installations had useful tips for those of us with too much fabric & yarn.

Kunstnarar / Artists:
Elisabeth Kristensen og Anne Kathrine Solbakken

Dagdrøm / Daydream
Kunstnarar / artists:
Anna Berthelsen og Marit S. Kvaale
Fossefall / Waterfall
Vi måtte følge denne hekletråden inn til fossen.
We had to follow this into the forrest and the waterfall.
Kunstnar / artist: Camilla Solberg
Alt er hekla tråd. Imponerande. Og det ser verkeleg ut som vatn.
This is all crocheted. Impressive. And it really looks like water.

Dette beddet var nok ikkje ein installasjon, men artig likevel.

This was not an installation. The note says: To the deers. Very nice of you to save one tulip. Hope the 150 others tasted good.

lørdag 10. mai 2008

Natt og dag

Eg må berre vise fram denne fantastiske marka rett ved sidan av skulen min i Søgne. Natt og dag er nesten favoritt-vårblomsten for meg.
Første vinteren eg budde på Geilo kom snøen 16. oktober og den låg i 6 månader. Våren var kald, snøen smelta, men ellers skjedde det ingen ting. Eg begynte nesten å tenke at her blir det vist ikkje vår, då eg ein dag fekk auge på ein Natt-og-dag i grøftekanten. Eg blei full av jubel og vårkjensle med ein gong. Dette var beviset på at vinteren var over. This is a field right beside my work. I think it's fantastic. All those flowers (we call them Night-and Day).
It's my favorite spring flower.

Laurdag

Trur nesten eg likar laurdagsmorgonane best. Vekkarklokka er slått av og eg har god tid. (Men eg står ikkje seint opp altså.) Og det er endå mykje igjen av helga.

Naturprogram på radionen, så kjem nitimen... Litt frukost, litt surfing, eg kikar litt på rotet i stova (mykje stoff og garn, sjølvsagt) kanskje eg skal rydde litt idag...

Men først skal eg ein tur til byen. Treng nytt trekk til strykebrettet, og ein slik ting til å stryke armar på (dersom dei ikkje er altfor dyre). Det er snart stryke-bunadskjorte-tid. Har klart meg fint utan ein slik stryke-armar-dings, men eg tenkte at den kunne vere grei til å stryke andre ting også.
Eg skal heilt sikkert innom favoritt kaffibaren også. Dobbel latte med lettmelk - eller kanskje noko kaldt i dag?
Også nokre bilder som kanskje beviser at eg av og til har litt tid til overs,-eller at eg er ein må-alltid-fingre-med-noko-person. Har bretta litt papir i ledige stunder, sånn litt no og då. (I lengre tid).
Det kan blir til dette.
Er eg litt nerd, eller???

I love saturday mornings. No rush, the alarm clock is turned off and it's still much left of the weekend. I'm listening to the radio, looking at the mess in my livingroom (too much fabric and yarn, I do my crafting here). I will tidy up today, but first I'm going into town :)

I've been folding pieces of paper now and then. When I'm not doing anything else. I allways need to have my fingers busy. I haven't counted how many, but I had enough to finish this now. I'm a bit of a nerd, I guess...

torsdag 8. mai 2008

Litt av kvart

No som det er fint ver, og kjekt å sitte ute, fann eg ut at eg må pynte litt på verandaen min. Engelsk Pelargonia heiter vist denne. Fin, ikkje sant?
I don't have a garden, but I have a veranda. I bought a new flower today to have outside. Pretty, isn't it?


Denne fann eg på bruktbutikken på tysdag. (Og lakenet den står på). Stavanger Flint er det. Eg har eit par tallerknar i same mønster - fann eg ut når eg kom heim :) Så no må eg berre halde augene oppe etter koppar.

Went by the thriftshop on tuesday and found this. I have a couple of matching plates (discovered that when I came home) - so now I have to look for the cups.

Og til slutt: Eit par nye Babes er på veg.

At last some crafting: Two new Babes is on the needles.

mandag 5. mai 2008

Opera-tak-tur

Det blei tid til ein liten tur for å kikke på operaen i løpet av søndagen i Oslo. - Og det er verkeleg staden å vere på ein fin dag.
Berre hugs å ta med solbriller!
I spent the sunday in Oslo and had time to take a look at the new opera house. It's worth a visit, but remember to bring your sunglasses!

torsdag 1. mai 2008

Nye bøker

Kvittering frå amazon.co.jp
"Kvifor kjøpe bøker på eit språk ein ikkje forstår?" kan ein spørre. I alle fall når språket er japansk og det ikkje går ann å lese teikna ein gong...
Men så er det berre det at bilda er nydelege, og oppskriftene er godt illustrerte, hekleoppskriftene har tabellar, idéane er gode/inspirerande,.... så då tok eg sjansen likevel.

(Og på amazon.co.jp har dei engelskversjon av sidene sine.)

Og bøkene kom etter tre-fire (!!!) dagar. Skjønar ikkje heilt korleis det går ann. Det tek nesten lengre tid å få ein pakke frå ein plass i Noreg...

Og berre sjå på desse nydelege bøkene, - og skriftteikna er også ganske kule.


I've bought some books from amazon.co.jp. They have english versions of their pages now, so ordering was no problem. I don't read Japanese, but the book are well illustrated, so I think I will be able to do most of projects if I want to. And the photos are inspirating. My new books look so pretty :)

Kom på konsert

Det blir ganske mykje synging på meg i dei nærmaste dagane. Dagen i dag har gått til øving og konsert nr 1 av 4.
Mitt kor og eit anna syng Messe for dobbelt kor av Frank Martin, og litt anna. Ein veldig fin konsert altså, så de som bur i nærleiken av Farsund (i morgon), Kragerø (laurdag) og Oslo (søndag, Sofienberg kirke) er veldig heldige, for de kan komme og høyre på oss.
Hipp hurra for mai, forresten. (Og no kjem vist sola fram igjen også.)

Keramikkfigurane er laga av Ingeborg Rørvik Lejon.
I'm doing a lot of singing these days. My choir is going on a small tour and we're having four concerts (the first one to day). The Mass for Double Choir by Frank Martin is quite difficult to sing (I think), but it's really fun too.
So there will be no crafting this weekend.
These ceramic singers are made by Ingeborg Rørvik Lejon.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails