torsdag 15. mai 2008

Dagen før dagen før dagen

"Kor mange dagar er det til 17. mai no?" spør elevane mine kvar morgon. -Og så kjem det ein liten diskusjon om dei ulike forslaga; 3 -4 (nei det var det i går)-2-3-2... og så må vi telle på kalendaren.

Vi på teamkontoret sjekkar yr.no og andre verstader kvar gong vi er innom kontordøra; og sjekkar utviklinga på verfronten. Ser det ut til at regnet held seg vekke fram til søndag???

Vi har øvd på å bere fana og i morgon er det endå meir øving. Då trur eg vi er klare for dagen.

Her heime har eg så smått sjekka at antrekket er i orden. Vi startar nederst. Skoa er fine (og komfortable faktisk). Fekk ny såle på hælane for eit par år sidan. Skulle berre mangle etter 25 år i bruk.

Bunaden skal på, håpar den ikkje har krympa noko meir sidan sist september... Farmor broderte bunaden min. Rundt skjørtekanten nede er det 8 av dette motivet. Det er også broderi på liv og lomme. (Skal vise resten seinare).

12 år seinare broderte eg skjørtet på bunaden til systra mi. Farmor måtte hjelpe til med livet og lomma, eg rakk ikkje meir... I morgon er det skjortevask og sjekk av sølje og knappar.

May 17 is Norways Constitution Day - our National Day. We celebrate the day with childrens parades - all schools participate. My students are counting the days left. We are practising our songs and how to walk nicely in line - not so easy when your 6... May 17 is the day when you can eat as many ice creams as you want.

We also dress up - and for many Norwegians that means wearing our "bunad". Bunad is a traditional Norwegian costume (accepted as proper gala attire). Not exactly high fashion, but it's very practical. I don't have to worry about what to wear. So now i'm checking if everything is in place.

The shoes are ok. Still comfortable after 25 years (they need to be comfortable-there's a lot of walking that day).

My grandmother did the embroidery on my bunad. This motif is around the bottom edge of the skirt (8 times).

Tomorrow I'm handwashing and ironing my linen shirt.

3 kommentarer:

  1. Good Ice Cream Day to you! Your bunad is lovely . . . and what a treasure!

    SvarSlett
  2. Så flott, eg har Sunnfjord-bunad, men den skal ikkje brukast i år pga jobb.

    Ønsker deg ein flott dag i morgon...

    SvarSlett
  3. Vakker bunad! Så flott å ha en som er bordert av en i familien, det gjør den ekstra spesiell.

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails