
"Kvifor kjøpe bøker på eit språk ein ikkje forstår?" kan ein spørre. I alle fall når språket er japansk og det ikkje går ann å lese teikna ein gong... 

Men så er det berre det at bilda er nydelege, og oppskriftene er godt illustrerte, hekleoppskriftene har tabellar, idéane er gode/inspirerande,.... så då tok eg sjansen likevel.
(Og på amazon.co.jp har dei engelskversjon av sidene sine.)
Og bøkene kom etter tre-fire (!!!) dagar. Skjønar ikkje heilt korleis det går ann. Det tek nesten lengre tid å få ein pakke frå ein plass i Noreg...

Og berre sjå på desse nydelege bøkene, - og skriftteikna er også ganske kule.




Ja,kvifor ikkje...
SvarSlettDet er alltid moro med nye idear og nokre japanske krusedullar er ikkje grunn nok til å la være.
Kos deg med bøkene....