lørdag 10. mai 2008

Laurdag

Trur nesten eg likar laurdagsmorgonane best. Vekkarklokka er slått av og eg har god tid. (Men eg står ikkje seint opp altså.) Og det er endå mykje igjen av helga.

Naturprogram på radionen, så kjem nitimen... Litt frukost, litt surfing, eg kikar litt på rotet i stova (mykje stoff og garn, sjølvsagt) kanskje eg skal rydde litt idag...

Men først skal eg ein tur til byen. Treng nytt trekk til strykebrettet, og ein slik ting til å stryke armar på (dersom dei ikkje er altfor dyre). Det er snart stryke-bunadskjorte-tid. Har klart meg fint utan ein slik stryke-armar-dings, men eg tenkte at den kunne vere grei til å stryke andre ting også.
Eg skal heilt sikkert innom favoritt kaffibaren også. Dobbel latte med lettmelk - eller kanskje noko kaldt i dag?
Også nokre bilder som kanskje beviser at eg av og til har litt tid til overs,-eller at eg er ein må-alltid-fingre-med-noko-person. Har bretta litt papir i ledige stunder, sånn litt no og då. (I lengre tid).
Det kan blir til dette.
Er eg litt nerd, eller???

I love saturday mornings. No rush, the alarm clock is turned off and it's still much left of the weekend. I'm listening to the radio, looking at the mess in my livingroom (too much fabric and yarn, I do my crafting here). I will tidy up today, but first I'm going into town :)

I've been folding pieces of paper now and then. When I'm not doing anything else. I allways need to have my fingers busy. I haven't counted how many, but I had enough to finish this now. I'm a bit of a nerd, I guess...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails