lørdag 24. mai 2008

Nye strikkadamer

Eg har fått bestilling på eit par "babes". Dei prøver eg å få ferdig no. Har ein del andre prosjekt på gong også, - og det er ganske bra, for då slepp eg å bli lei av nokre av dei...
Sidan det heilt sikkert blir fleire babes ettekvart lagde eg like greitt ein haug med auger på ein gong. Dei to bestillings-dokkene skal vere gevinstar på basar, difor har dei berre fått førebelsnamn hos meg. Som de ser har dei litt forskjellige hudnyansar. "Anna" er strikka i Føn-eit bomull- og bambusgarn frå Gjestal. (Veldig mjukt og deilig) "Birte" er strikka i Paris - litt meir vanleg bomullsgarn, ikkje fullt så mjukt.Her er Anna litt meir ferdig.Hårtransplantasjon.
Tenk om det hadde vore så enkelt for oss folk også.
(Eg skulle gjerne hatt litt påfyll av hår. Eg har nemleg Alopecia (flekkvis håravfall) og er ganske skalla her og der). Her er eg nesten ferdig, men måtte ta ei pause for å lage meir krøllete hår.

I've been asked to make two new babes. I'm trying to finish them this weekend, - and some other projects too. This is the first doll. She's Anna for now. She had a successfull hairtransplant, and looks quite good in her red curls. Now she's waiting for her blond friend Birte.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails