Inspirert av eit mønster i den japanske veskeboka laga eg denne veska forrige helg. Her fekk eg brukt både lin og raude/turkise stoff. Favorittar for tida.
Og eg er superfornøgd med denne. Må berre laga skulderreima litt kortare, no dinglar veska litt for langt nede på låret etter min smak.
Eg skal nok lage fleire slike - kanskje med regulerbar skulderreim til og med.
No skal eg ut ein tur og kjøpe is. Det blei berre is til dessert på meg i går, blei litt for kald til iseting etterkvart så eg sparte dei til i dag... Men vi hadde det veldig fint i går. For det meste sol, ei regnbyge i to-tida. Men litt kald vind etterkvart altså. Dagen blei avslutta med eit flott fyrverkeri klokka 23 som eg heldigvis har utsikt til frå vegen min. For då hadde eg forlengs havna på sofaen, og hadde ikkje lyst ned til byen igjen.
This is my latest bag - inspired by a pattern in one of my Japanese books. I used linen and red/aqua fabrics. Favourites. I'm very pleased with it. I'm just going to make the handle a little bit shorter.
I will make more bags like this one. Super easy pattern.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!