fredag 9. april 2010

Ny veske

DSCF2755

Det blei brune hankar på veska mi til slutt.

Vi får sjå korleis dei vert i bruk. Hankane er litt tynne når eg syr vesker av denne modellen, må berre hugse å ikkje fylle veska med for mykje “stuff”.

DSCF2759

Inni er det eit gamalt dynetrekk. Burde sjølvsagt ha pynta lomma med brune band sidan hankane vart brune, men slik går det når ein ikkje planlegg for mykje.

Voksduk er ok å sy i, men å sy bua sømmar var litt plunder. Og dei vart ikkje heilt pene. Trur kanskje det vert andre veskemodellar av resten av voksduk-stoffa mine…

DSCF2756

Det er god plass nedi veska, men som sagt bør eg vere litt forsiktig med å fylle opp med for mykje sidan hankane er så tynne.

Og dei oransje detaljane er i vinden for tida, såg eg nettopp i eit blad. Bra at Bonytt-idéboka frå lenge sidan også går i det oransje då :)

Ha ein fin fredagskveld! Eg skal ut på konsert – og kanskje på loppis i morgon!

---------------------

My new “bright and shiny” bag – really orange!

4 kommentarer:

  1. Kul veske du har sydd. Du er flink ☺ Ønsker deg en fin fredagskveld, hilsen fru Strøm

    SvarSlett
  2. Skikkelig flott veske, heilt i min smak om eg så må seie!
    Voksduk høyres lurt ut, iallefall i bruk, når ei set veska frå seg på det våte fortauet for vente på transporten osv... ja, slik brukar eg slike vesker - til og frå jobb.

    Håpar du hadde ein fin konsert, loppis er alltid kjekt;)
    Klem frå meg og god helg!

    SvarSlett
  3. Skikkelig tøff veske!! kjempestlige stoffer du har brukt! og flotte farger.. absolutt noen av mine favoritter:-)

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails