Brokkoli er kjempesunt, også i salat.
Eg har laga denne nokre gongar i sommar, og den er stadig like god. Og sidan søskena stadig vekk spør etter oppskrifta kan eg like godt legge den her.
Sjølv har eg laga meg ein variant som er ei blanding av fleire oppskrifter eg har sett. M.a. frå søster Marie.
Eg har brukt salaten både til kjøtt og fisk – alt går.
Brokkolisalat
8 strimlar bacon – sprøstekt, i små bitar
2 brokkolihovud – delt i små bukettar
1 blomkål (kan utelatast) – i små bukettar
3 vårlauk - hakka
200 g Cheddar ost – raspa
1 dl solsikkefrø
1 dl rosiner
ein pakke majones (litt over 2 dl)
1/3 cup sukker (ca 0,75 dl)
2 ss (kvitvins)eddik
salt og peppar
Bland brokkoli, blomkål, vårlauk, ost, frø og rosiner. Rør saman majones, sukker, eddik, salt og peppar til dressing.
Bland alt saman og dryss over bacon til slutt.
Takk skal du ha!
SvarSlettNå fikk jeg vann i munnen! Salaten ser jo kjempegod ut :o)
SvarSlettHilsen fra Kari Anne
Aj aj aj! Denne må jeg prøve! Tror faktisk det blir i morgen :o) Takk for oppskrift! :) Ha en strålende helg -Linda:-)
SvarSlettHeisan :)
SvarSlettEg vandra rundt på 'måfå' blandt alle bloggane, og jammen havna eg her :)
Ser du har mange fine prosjekt, og brokkoli-oppskrifta kopierer eg meir enn gjerne.
Eg legg meg til som fyljar her, og ser fram til fleire innlegg.
Ynskjer deg ei flott helg!
Helsingar frå Siri
Talk for tips og siden jeg er blitt så " sunn" etter å ha mista halve meg så nytta jeg majonesen i lettrömme eller halvparten av hver godt blir det .pih godt jeg fant deg igjen glemte legge som følger sist
SvarSlettTakk igjen;)
SvarSlett