torsdag 6. august 2009

Paper Dolls

Eg er ferdig med test-gensaren min. Skulle prøve ut dette mønsteret på ein liten modell. Kjøpte litt Europris garn og strikka i veg på den minste storleiken. Den vart enno mindre sidan eg klarte å legge opp for få masker. Trur ikkje eg traff strikkefatsheita heller, men dette var altså ein test så eg gadd ikkje å rekke opp eller noko slikt. (Skrekkeleg så slapp ein blir om sommaren…)

DSCF0959

Gensaren er stor nok til ein 5-åring, eller liten 6-åring, kanskje. Vi har dessverre ikkje testmodellar i huset. Men den vert nok bursdagsgåve til ein eller annan.

Mønsteret heiter Paper Dolls og er laga av Kate Davies. Du kan kjøpe og laste ned mønsteret her.

 DSCF0956

Eg har akkurat starta på ein ny til meg sjølv. Denne gongen i litt tjukkare garn (Falk) og i litt mørkare fargar. Eg har også planar om å endre noko på damemønsteret. Er ikkje så vedig glad i så lange hopp som det er i damemønsteret her. Eg har også lagt til nokre fletter på damene. Dei var litt skalla i oppskrifta…

De som er inne på ravelry kan sjekke ut dei forskjellige versjonane der.

 

Trur nok det kan bli mange genserar som dette. :)

5 kommentarer:

  1. skikkelig søt genser. Gledar meg til å sjå den i stor verson også. :)

    SvarSlett
  2. Kjempesøt!
    Likte både mønsteret og fargene.
    Hun blir nok glad hun som får denne... :O)

    Ha en fin kveld!

    SvarSlett
  3. Nydelig, det blir ei søt snuppe som får denne på seg;)
    Den blir nok fin i voksen str oxo!

    SvarSlett
  4. Den var skikkeleg flott, eg kunne tenkt meg ein slik til mine jenter. eg har strikka noko liknande til meg sjølv. Men den var mykje tjukkare. Mønster frå sandnes garn i heftet "Til fjells", mønster nr 6. Den er strikka i Alfa. Berre eit lite tips:)

    SvarSlett
  5. Kjempesøt genser!
    Må berre seie det ein gong til: Du lagar så utruleg mykje fint, og det er veldig inspirerande å kikka på alle dei flotte tinga dine.
    helsing Linda, busett i Ørsta :-)

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails