lørdag 18. desember 2010

17. + 18.

Eg gløymte meg heilt vekk i går. Vart så oppteken med å lage hus til julebygda mi.

DSCF4411

I var det kaldt og fint  då eg kjørte heim frå jobb. Men det bles hardt på toppane som de ser.

I dag har dei første julegjestane komne i hus. Så no nærmar det seg.

Og eg som endå ikkje har fått julekorta avgarde… Jada, eg veit at fristen til Posten er ute, men det burde vel gå om eg får sendt dei på mandag. Eg har for det meste sendt litt heimelaga kort tidlegare år, men i år har eg ingen idéar…

Spørs om det ikkje vert ganske enkelt då. Vi får sjå.

Men då bør eg ikkje bli altfor oppslukt i husbygginga mi. For det var kjekt.

Det blå huset blei til i går kveld og det kvite no i ettermiddag. Oppskrift på det blå huset finn du her. Det kvite har eg dikta sjølv.

DSCF4423

This is the first two houses of my Christmas village. They were so fun to make. Tutorial for the blue house here.

december

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails