torsdag 23. desember 2010

22.

Musikk

Det er alltid stas å kunne leite fram julemusikken i starten av desember – og ikkje før!

Nokre år har eg gøymt cd-ane så godt at nesten ikkje har funne dei igjen. Men no som vi har internett og Spotify så finn ein lettare tak i dei rette songane.

Og spelelista mi blir lengre og lengre. Nokre songar er gode å ha til ryddinga, nokre passar for å få fram julestemning og høgtidskjensle. Så lista inneheld ei god blanding.

Sidan eg “alltid” har sunge i kor eller spelt i orkester har eg vore med på ein del julekonsertar også.

Nokon likar visst å kombinere musikk og julelys. De har sikkert sett denne før.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails