Er de klare til å brette/klippe snøkrystallar?
Eg fekk tatt nokre bilder av prosessen idag, medan eg venta på at adventsfesten med klassa skulle begynne.
Oppdaga først etterpå at nokre av bilda var ein smule uskarpe, men det får gå for denne gongen.
Bruk eit A4-ark. Brett det i to med bretten mot deg. Brett det ein gong til – åpne igjen.
Brett den eine sida inn mot midten. Åpne også denne bretten igjen. Brett opp venstre hjørne slik at det ligg inntil den siste bretten.
Snu arket og brett det andre hjørnet opp slik at det ligg inntil siste brett.
Brett på midten. Ser de kanten ved pila? Klipp der!
Den lengste sida på trekanten du no har fått er “armane” til snøkrystallen. No kan du teikne opp eit mønster, eller klippe på frihand.
Fint blir det sikkert i alle fall!
Lykke til!
(Og dersom de vil bevare snøkrystallane lengre så kan dei altså laminerast. Og vi har lamineringsmaskin i huset så då er det enkelt…)
----------------------------
Just a little tutorial to show you how to fold your paper to make a hexagon shape. So you can make perfect snowflakes!
I don’t have time to translate right now, but you should be able to follow the photos.
Gorgeous! I think I will make some of these with my seven year old. He is off school with a cold at the moment and that will cheer him up x
SvarSlettHei!
SvarSlettMange fine snøkrystallar her, ja!
Kjekt med slik diy på småting som ein kan lage sjølv.
Held akkurat på og heklar små juletre etter ein diy. Surra litt i begynnelsen, men no går det betre.
Ha ei fin veke:)
That's so pretty. Thanks for showing how you make yours.
SvarSlettOi, det der er det mange år siden jeg gjorde sist!
SvarSlettHei, ser denne er 6 år gammel, men jeg prøver guiden din men får bare halve? Hva gjør jeg feil :)
SvarSlett