onsdag 29. desember 2010

Kråkeslott

I løpet av dei første juledagane vart også pepparkakehuset ferdig. Begynner visst å bli ei vane at det ikkje vert laga før i romjula…

Eg hadde ikkje så mange idéar for årets hus, men ei syster foreslo å lage huset til Wiltersen-familien, “The Burrow”. (Harry Potter altså).

DSCF4520

Så då teikna eg eit enkelt mønster, for sidan dette er eit litt skeivt og rart hus gjekk det ann å improvisere litt. Skeive tak og veggar og vindu passa fint.

DSCF4527

Uhell kan fiksast med lim smelta sukker og skjulast med melis. Veldig greitt Smilefjes som blunker

DSCF4528

Eg var likevel i det ryddige hjørnet når eg pynta huset, systematiserte fargane litt og vart veldig fornøgd med takpynten i år.

DSCF4530

Mykje fyring for kråkene i dette kråkeslottet – som de ser av mengda på istappar…

---------------------

This years gingerbread house is our version of the Weasley family home – The Burrow.

Juledagar

Allereie juledag nr 5, – her brukar vi nummer på dagane, og eg går heilt i surr med datoar og vekedagar.

(Onsdag er det visst i dag og første dag utan juleselskap eller fest.)

Her er nokre bilder frå dagane…

DSCF4480

Nok av gåver dette året også…

DSCF4463DSCF4479b

Angry Bird er eit kjekt spel…

DSCF4481DSCF4482

Nissen var også ein tur innom. Han kom frå mørkeloftet, sidan det var fyr i peisen…

DSCF4489

For fyre må ein gjere når det er så kaldt…

DSCF4502

DSCF4514

Familieselskap med onklar og tanter og søskenbarn og barn av søskenbarn – veldig kjekt.

------------------------

Some photos from the Christmas days. Day # 5 today, and the first one without any Christmas party. We’ve had fun and have enjoyed the company of each other and other relatives and friends Smilefjes

fredag 24. desember 2010

24.

Desse fine stjernene kom i postkassa i går. Eg vann i premie i utloddinga til Det blaa huset. To nydelege stoffstjerner og ei ekstra hekle snøkrystall. Tusen takk Sonja!

DSCF4446

Og i dag må ei sende ein takk til alle dykk som er innom her og les kva eg skriblar ned. Hadde ikkje vore så kjekt utan dykk.

Og takk til alle andre inspirerande bloggar der ute.

santa-clipart-graphicsfairy004b

No har eg fyllt magen med julestrømpemarsipan så det er kanskje på tide med skikkeleg fukost også. Bør vel kanskje bytte ut pysjen snart og – eller skal eg vente til etter Askepott?

Eg gledar meg iallfall til julekvelden ilag med 5 små og 12 andre store her i huset.

God jul til alle der ute!

DSCF4427

We’re ready for Christmas eve!

It will be a nice evening together with 5 little ones and 12 other grown ups here in the house.

I wish you all a Merry Christmas!!

23.

Tre

Står pynta og klart. Det blir alltid pynta på lillejulafta her. Store og små hjalp til på kvart sitt nivå.

The tree is up and decorated. we allways do that on the 23. Everyone helped.

DSCF4449

Etterpå gjekk dei små og la seg, nybada og fine. Dei største av dei små ligg saman på flatseng. Heller det enn å ligge på kvar sine gjesterom.

After that it was bedtime for little nephews and nieces. The cousins would rather sleep together on matresses than in different guest rooms.

DSCF4456

I morgon er det opp tidleg for å sjekke om strømpenissen har vore innom. Det ser nesten ut som om han har vore her allereie… Og så er det Barne-tv ei stund framover – i pysj Smilefjes

Tomorrow morning they will be up early to check the Christmas stockings. And then we watch TV – all the same programs and movies as when we were young Smilefjes

DSCF4459

december

torsdag 23. desember 2010

22.

Musikk

Det er alltid stas å kunne leite fram julemusikken i starten av desember – og ikkje før!

Nokre år har eg gøymt cd-ane så godt at nesten ikkje har funne dei igjen. Men no som vi har internett og Spotify så finn ein lettare tak i dei rette songane.

Og spelelista mi blir lengre og lengre. Nokre songar er gode å ha til ryddinga, nokre passar for å få fram julestemning og høgtidskjensle. Så lista inneheld ei god blanding.

Sidan eg “alltid” har sunge i kor eller spelt i orkester har eg vore med på ein del julekonsertar også.

Nokon likar visst å kombinere musikk og julelys. De har sikkert sett denne før.

tirsdag 21. desember 2010

20. + 21.

Absolutt gledeleg at det no er juleferie. På skulen min avslutta vi med å gå rundt juletreet og synge. Vi er ikkje fleire enn at heile skulen får plass i tre ringar.

“Så går vi rundt om en enebærbusk, BUSK!”  - Men kvar kjem eigentleg den der einebærbuska i frå? Det er vel ingen som har brukt det som juletre?

Deilig med ferie i alle fall, men eg hadde liksom tenkt at det enno var 5-6 dagar igjen til jul… ikkje berre tre…

snowflake

Og stjerner er artig å lage. Dvs dette er vel eigentleg eit snøkrystall seier oppskrifta, men ho fungerar fint som stjerne også.

Veldig enkel oppskrift, fleire av 7-åringane i klassa mi har laga si eiga.

snowflake2

Mange fine mønster. Oppskrifta finn de her.

-----------------------------

Have you tried to make these? Tutorial here.

søndag 19. desember 2010

19.

Har de litt tid til overs, så har eg funne endå eit prosjekt ein kan bruke garn til.

DSCF4428b

Surre, surre, surre og så har du ein garnkrans. Eg brukte forskjellige garntyper og kvitnyansar.

Til pynt nokre gamle knappar frå lageret. Sjølvsagt kan ein lime på meir julete pynt også.

Fleire eksempel på garnkransar her, her, her, her og her.

I dag er det skitnesøndag og søndagsåpne butikkar. Vi var ein tur på handel, men det blei ikkje noko pakkekjøp på meg idag. Må ta ei opptelling, men eg trur eg er nesten ferdig med pakkeriane mine. Må berre pakke inn, men det hastar ikkje heilt enno.

DSCF4433

No kjennest det veldig ut som om juleferien har starta, starta med å snu døgnet allereie i går – men så er det jobb i to dagar til. Men dei siste dagane brukar å vere ganske så koselege. Mykje julemusikk og tente lys – og leik i snøen.

-------------------------------

Inspired by yarn wreaths like these here, here, here, here and here I made one.

Used buttons from my stash to decorate.

The first Christmas guests has arrived, we stayed up late yesterday, so it really feels like the Christmas holiday has started. But we have two more days at school. They will be quite relaxed I guess. Finishing things, wrapping presents the children has made, singing Cristmas songs and getting the classroom ready.

Are you all ready for Christmas?

 

lørdag 18. desember 2010

17. + 18.

Eg gløymte meg heilt vekk i går. Vart så oppteken med å lage hus til julebygda mi.

DSCF4411

I var det kaldt og fint  då eg kjørte heim frå jobb. Men det bles hardt på toppane som de ser.

I dag har dei første julegjestane komne i hus. Så no nærmar det seg.

Og eg som endå ikkje har fått julekorta avgarde… Jada, eg veit at fristen til Posten er ute, men det burde vel gå om eg får sendt dei på mandag. Eg har for det meste sendt litt heimelaga kort tidlegare år, men i år har eg ingen idéar…

Spørs om det ikkje vert ganske enkelt då. Vi får sjå.

Men då bør eg ikkje bli altfor oppslukt i husbygginga mi. For det var kjekt.

Det blå huset blei til i går kveld og det kvite no i ettermiddag. Oppskrift på det blå huset finn du her. Det kvite har eg dikta sjølv.

DSCF4423

This is the first two houses of my Christmas village. They were so fun to make. Tutorial for the blue house here.

december

torsdag 16. desember 2010

16.

Det snør og det snør. Og det er like spennande kvar morgon; kor mykje snø må måkast i dag? Har nemleg ikkje garasjeplass til den lille bilen min, og eg må ha bil til jobb…

Heldigvis har det vore ganske bra brøyta og framkomeleg på vegane.

Får håpe at det snart gir seg med snøen for ei stund slik at brøytemannskapa også kan ta det roleg i jula.

Temaordet idag for desemberblogginga er SØTT.

Hmmm, ja, ikkje vanskeleg å finne søte ting akkurat no. For meg er marsipan favoritt-søtsakene i jula. Og julemarsipanen skal ikkje etast før desember (sjølv om salget startar i oktober)…

Og det beste med at juleferien er slutt på nyåret er at julemarsipanen kjem på halv pris. Sjølv om det ikkje akkurat er marsipan og ekstra kaloriar som behovet då…

Har faktisk ikkje noko bilde av marsipanen, men har endeleg bilde av trea som eg mast om i fleire dagar no Smilefjes

DSCF4405

I dag fekk eg endeleg pynta ferdig juletrea mine. No står dei oppå pianoet og ventar berre på selskap av små søte hus. Trur eg har samla på oppskrifter på slike hus, må sjå om eg finn igjen lenkene.

DSCF4408

Eg har tråla butikkane etter isoporkjegler og har enno nokre igjen. Kanskje eg treng nokre i andre (litt sterkare) fargar også.

Trea er enkle å lage. Eg surrar med dobbel tråd (to fargar). Startar nederst på kjeglene, limer fast garnet nederst (eller festar med knappenåler) og surrar oppover. Eg hadde eit tynt lag med lim innerst slik at garnet sit fast.

På toppen festar eg med knappenåler igjen før eg surrar eit nytt lag nedover. Fest nederst med knappenåler eller limpistol.

Pynt treet etter smak og behag.

DSCF4409

----------------

Here are my Christmas yarn trees. These were fun to make. I bought several cones so I will probable make more. Maybe in different colours.

december

onsdag 15. desember 2010

15.

Raudt var ordet for i dag. Og det er ikkje vanskeleg å finne raude ting akkurat no. Eg fann nokre ting på mi runde i stova, men raudt er ikkje den enklaste fargen å fotografere med blits…
DSCF4378
Handleposar står det rundt i krokane…
DSCF4379
Støvsugaren ventar på oppdrag…
DSCF4381
Endå ein pakke skal avgarde med posten, sjølv om fristen kanskje var i går?…
DSCF4384
Deilig julete…
DSCF4386
Også nokre mini-julekuler til eit nytt prosjekt…
Her er nokre flickr eksempel på juletrea av garn. Følg lenka for å komme til originalbilda.

PS. Formulerte meg litt feil igår. Desse er ikkje mine tre, men flickr-eksempel på andre sine tre.
Mine har eg altså ikkje fått ta bilde av endå...
5264519810_6ac4d209f7_b
------------------------
The topic today was red. I just took a look around the house. Not difficult to find red things right now. But it is a difficult colour to photohe last photo is of some yarn trees from flickr. I’ve made some too, but have no photo yet. Missed the daylight again today.
december

tirsdag 14. desember 2010

13. + 14.

christmas-clipart-pointsettias-graphicsfairy010b

Eg gløymte meg heilt vekk igår, visst. Ettermiddagen gjekk til julegåvehandel og innpakking. Må få avgarde dei pakkane som skal sendast i posten…

snowchildren-christmas-graphicsfairy005b

Også i dag blei det litt handel og no har eg ikkje så mange namn igjen på lista. Ellers har eg laga meg ein liten juletreskog dei siste kveldane. Skal nok ta bilde og vise fram, men i dag var det ikkje tid til å ta bilder i dagslys. Merkar at vi er på det mørkast no.

Eg har lyst til å lage ein liten julelandsby som kan stå på pianoet her. Så langt har eg berre skog (juletre), får eg laga nokre små hus også så blir det kanskje ein landsby… Har sjølvsagt sett bilder av slike julebyar ute i bloggverda, så eg har inspirasjon derifrå. Skal sjå om eg ikkje kan finne nokre linkar eg kan dele.

snowman-gnomes-graphicsfairy002

Bilda her i dag kjem frå The Graphics Fairy.

-----------------

I have several Christmas presents that must be sent by mail, so these last days I’ve been shopping and wrapping.

I still have some presents left, but they can wait.

We have the shortest days now. It’s getting dark before I leave work. We haven’t seen the sun for a while either. Even if there’s no clouds on the sky, the sun is so low now that it can’t climb over the mountains to shine on us. Still a few days before the days are starting to get longer again.

The images today are from  The Graphics Fairy.

december

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails